Loen Skylift opnar igjen

Etter å ha vore stengt i om lag ein månad opnar Loen Skylift igjen laurdag.

Loen Skylift er i normal drift att frå laurdag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det skriv Loen Skylift i ei pressemelding fredag ettermiddag.

- Den 19. august, under ein av dei daglega kontrollane, oppdaga banemannskap i Loen Skylift ein mindre skade på eit bæretau i fjellstasjonen. Drifta vart rutinemessig midlertidig innstilt, og ein fekk spesialistar frå Garaventa og tau-leverandør på plass for å rette skaden. Feilen har aldri utgjort nokon fare for sikkerheita i bana, verken for besøkande eller tilsette. Tryggleik er alltid første prioritet for Loen Skylift og Garaventa.


Loen Skylift:

Stenger ned i ei veke

Har tekniske problem



Satsar på opning i mai 2021:

I startgropa for ny restaurant på Hoven

Om eit par veker startar byggjearbeidet på det som skal bli endå ein restaurant på Hoven.


Spesialistar frå Garaventa og tauprodusent har dei siste vekene reparert skadane på bæretauet. I tillegg har Kiwa Instecta AB med hjelp av MRT/MIP (magnet induktiv testing) teknologi testa og sikkerheitsklarert alle kablar. Kabelprodusent og ein uavhengig ekspert har bekrefta at alle kablar oppfyller alle krav og at det difor er klart for å gjenoppta drifta av bana frå og med laurdag 26. september, står det i pressemeldinga.