Den tidlegare e-verkssjefen er framleis full av energi

Jan heng i stroppen som aldri før

Jan Træen har nådd pensjonistalder, men det stoppar han ikkje frå å vere aktiv i yrkeslivet. 67-åringen er typen som nektar å gi seg, anten det gjeld jobb eller sjukdom.

Mannen med selane: Mange forbind nok Jan Træen (67) med skjorte og bukseselar. Han er framleis aktiv i politikken og yrkeslivet sjølv om han har nådd pensjonistalder. 

Det er farleg å setje seg ned i stolen heime og synest synd på seg sjølv

Jan Træen
Nyhende

Det er to år sidan Træen gjekk av med pensjon hos Stryn Energi. Der var han dagleg leiar i 14 år. Før det arbeidde han 17 år i kommunen, fire av åra som teknisk sjef. Men som 65-åring hadde han ingen planar om å trekke seg tilbake. Tvert imot.