Digital TV-aksjon søndag:

Dugnad for å redusere utslepp av havplast

Plastforureining i havet har stått høgt på agendaen dei siste åra. Stadig blir det jobba med nye løysingar for å få bukt med problemet og denne helga blir problematikken løfta fram i TV-aksjonen.

Illustrasjon frå indre Nordfjord. 

Nyhende

Det er Verdsnaturfondet (WWF) som i år får midlane frå TV-aksjonen. Aksjonen har fått namnet "Et hav av muligheter".

– Kvart minutt endar minst 15 tonn med ny plast opp i havet! Skal vi redde havet, må vi handle no, skriv organisasjonen i omtalen av aksjonen.

– Det er vanskeleg å setje ord på kor mykje dette betyr for oss i WWF. Dei enorme utfordringane som plastforsøplinga fører til for menneske og natur over heile verda, krev omfattande løysingar og global innsats. Med hjelp frå TV-aksjonen vil vi stå langt sterkare i kampen mot plastforsøplinga, sa dåverande WWF-leiar Bård Vegar Solhjell i fjor, då dei blei klart at organisasjonen fekk TV-aksjonen 2020.

Ryddar verda rundt

Plast i havet er eit verdsomspennande problem og over heile verda blir det jobba for å finne måtar ein kan få bukt med problemet på. Målet er å redusere utsleppet av plast til elver og hav med 7000 tonn årleg.

"Heldigvis har det de siste årene skjedd en forløsende endring. Samfunnet, politikere og næringslivet har våknet. Skal vi lykkes med å også løse problemet, ikke bare snakke om det, må vi håndtere plastforsøpling som den akutte krisen det er."

Det skriv Elisabeth Grieg i Grieg Gruppen i eit debattinnlegg hos Bergens Tidende.

Grieg gruppen er eit verdsomspennande maritimt konsern og Elisabeth Grieg skriv at dei er medvitne om ansvaret dei har for å kjempe mot maritim plastforureining.

– Derfor har vi inngått eit samarbeid med WWF i tre hamnebyar på Filippinane, eitt av dei mest plastforureina landa i verda. Målet er å etablere infrastruktur for avfallshandtering, som halverer plastforsøplinga innan 2023, skriv ho.

Også andre land har store prosjekt der ein både utviklar ny teknologi, finn nye bruksområde for plasten og jobbar for å redusere plastforbruket vårt.

Regional aksjon

Også på lokalt og regionalt nivå blir det jobba med løysingar som kan bidra til å dempe plastforureininga. I Vestland er dei no i gang med eit pilotprosjekt for å utvikle ny teknologi for plastrydding, og torsdag opna eit testsenter i Bergen.

– Det er ikkje ofte vi får så sterk søknad om finansiering av utviklingsprosjekt. Her er "alle boksane kryssa" av: Omstilling frå oljenæring til miljønæring, teknologiutvikling, berekraft, samarbeid med vidaregåande skule og forsking, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Gjennom eit pilotprosjekt skal Store Lungegårdsvann ryddast for plast. Der har bygginga av Bybanen medført at plastlunter frå sprenging har hamna i sjøen. Mange har vore med på å fjerne plastavfallet. Gjennom tre og ein halv månad i sommar er over 400 kilo plast blitt fjerna frå vatnet. I tillegg er ein robot blitt utvikla. Den kan både finne og rydde plast.

Det er NOSCA Clean Oceans (Norwegian Oil Spill Control Association) står bak dette testsenteret og pilotprosjektet.

– Endeleg kan vi vise til noko konkret. I januar gjekk vi over frå å vere ein interesseorganisasjon til å bli ei klynge som i nettverk skal fremje innovasjon. For oss er det viktig å etablere konkrete prosjekt og vise at vi har evne til å gjennomføre. Etter ni månader har vi fått til ganske mykje. Vi har etablert eit testsenter og har eit pilotprosjekt i Store Lungegårdsvann. Vi brukar erfaring frå over 40 år med oljevern til å fjerne plast frå havet og finne ut kva vi kan bruke den til, seier klyngeleiar Eirik Langeland i NOSCA Ocean Clean i pressemeldinga.

Ikkje dør til dør i år

Grunna korona blir TV-aksjonen i år annleis enn det vi er vande med. Mellom anna kjem det ikkje til å komme bøssebærarar heim til deg i år.

På blimed.no kan derimot kven som helst opprette ei digital bøsse. Dei bøssene kan ein gjere personlege ved å velje bilde til bøssa. Deretter kan ein promotere bøssa si på sosiale medium – eller på nettsida si, dersom ein representerer ei bedrift. Ein kan støtte saka når det passar, men søndag blir det den tradisjonelle direktesendinga om TV-aksjonen på NRK1 heile dagen.

(©NPK)