100 års museumshistorie i Nordfjord:

- Var nytt å vise fram bøndene si historie

I 2020 markerer Nordfjord Folkemuseum sitt 100-årsjubileum. No kan folk bli med på feiringa og samstundes få ny kunnskap om kvifor museet har akkurat dei gjenstandane som dei har i samlinga. Søndag blir det museumssøndag der museet sjølv er tema.

Jubileum: Søndag 18. oktober blir det utstilling og foredrag om Nordfjord Folkemuseum gjennom 100 år, fortel avdelingsdirektør Anne Kristin Moe.   Foto: Nordfjord Folkemuseum

Nyhende

25. juli var det 100 år sidan dørene til museet, som då låg i Åsen like ved Vonheim, opna for første gong.