"Unge, modige heltar bygde Tussa-kraftverket"

- Dei som bygde ut Tussa-kraftverket var unge, modige folk av eit heilt anna kaliber enn dei etterfølgjande generasjonane. Dei jobba knallhardt, var risikovillige og kunne tene inntil fem gongar meir enn industriarbeidarane.

Linjedraging etter at kraftverket var i gang.   Foto: TUSSA

Nyhende

Forfattar og journalist Jon Hustad har skrive historia om arbeidarane bak Hjørundfjorden sitt største utbyggingsprosjekt gjennom tidene – Tussa kraftverk, som rundar seksti år på nyåret.