Gamle Innvik Ullvarefabrikk og tilskotet til kulturbygg:

– Stettar krava - bør søkje igjen

Gamle Innvik Ullvare- fabrikk fekk ikkje tilskot då fylkeskommunen fordelte 6,3 millionar i tilskot til kulturbygg. – Søk igjen, seier utvalsleiar Stian Jean Opedal Davies i hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylke.

Allsidig kulturbygg: Gamle Innvik Ullvarefabrikk skal vere Nordens største tre-industribygning, og er i dag eit allsidig kulturbygg som rommar både industrihistorie, aktivitetar og lokale for ulike arrangement.   Foto: Thomas Thaule

Størstedelen av desse pengane kjem frå staten gjennom spelemiddelordninga, og staten har kvart år sidan 2010 kutta i delen frå spelemiddelordninga som går til lokale kulturbygg

Stian Jean Opedal Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering
Nyhende

Som Fjordingen tidlegare har omtalt, var det særprega, verneverdige industribygget i Innvik ikkje på lista over dei som fekk tildeling frå den fylkeskommunale potten for kulturbygg i 2020. Totalt 6,3 millionar kroner vart fordelt.