Måtte avlyse skiskyttarstarten på Sjusjøen:

– Ser etter alternativ

Morten Aa Djupvik seier at skiskyttarforbundet jobbar med å finne alternativ arrangør sidan opningsrenna på Sjusjøen er avlyst.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Skiskyttarstarten på Sjusjøen 13.-15. november er avlyst grunna situasjonen rundt covid-19, og generalsekretær i skiskyttarforbundet Morten Aa Djupvik, seier at ein no leitar etter ny arrangør.

– Vi jobbar med nye alternativ, men det er utfordrande å finne snø. Eg trur vi skal få gjennomført noko, slik at førebuingane til løparane blir som planlagt. Men det blir uansett ein sesong der det er vanskeleg å planlegge, seier Aa Djupvik til Fjordingen.