Spelar kvartfinale i dag:

Oskar og Elias går for nytt cupgull

Oskar Raftevold frå Innvik og Elias Lødemel frå Hornindal går for nytt cupgull saman med Førde Volleyballklubb. I helga spelar dei kvartfinale, og dei satsar alt på å gjenta triumfen frå sist sesong.

Cupgull: Oskar Raftevold frå Innvik og Elias Lødemel frå Hornindal spelar for Førde volleyballklubb som vart norgesmeister sist sesong. I helga spelar dei kvartfinale, og har på ny fått teften av gull.   Foto: Privat

Nyhende

Førre sesong gjekk sunnfjordingane heilt til topps i cupen, og i helga møter dei det som skal vere overkomeleg motstand i kvartfinalen heime mot 1. divisjonslaget Askim.