Plassering av brannstasjon:

Tok avgjerd utan å vite kostnadane

Då Stryn formannskap tok stilling til plassering av brannstasjon mellom Loen og Tistam ville to utsetje i påvente av endelege kostnadstal. Det vart ikkje vektlagd av fleirtalet.

Ville utsetje: Torstein Tvinnereim (V) og Haldor Hove (Ap) var dei einaste i formannskapet som ville utsetje brannstasjons-saka. Dei ville ha dei endelege tala på bordet for sprinkling av omsorgssenteret og bygging av fullverdige stasjonar i Utvik og Olden. 

Nyhende

Etter mykje fram og tilbake i saka om plassering av brannstasjon på strekninga Loen-Tistam, vart det til slutt bestemt å utsetje avgjerda eit halvt år då formannskapet hadde saka til handsaming i oktober. Det vart derimot teke med i vedtaket at dersom det skulle kome til informasjon som vil ha vesentleg økonomisk konsekvens, skal saka fremjast for formannskapet på nytt.