Stryn Vinterski har fleire prosjekt gåande:

– Vi skal bli klare til sesongstart

Stryn Vinterski er i full gang med å førebu ein ny sesong. – Vi har fleire prosjekt gåande no, seier styreleiar Anders Aarnes.

I rute: Styreleiar i Stryn Vinterski, Anders Aarnes, kan konstatere at grusinga i heistraseen i juniortrekket går etter planen. Henning Breidablik frå entreprenøren Jens Tore Bø AS i dumperen, Oddvin Indrebø frå Vinsrygg Maskin i gravemaskina. Juniortrekket vart opna sist sesong.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Vi har halde på i godt ei veke, og dei tre entreprenørane Jens Tore Bø, Vinsrygg Maskin og Hatledal AS har vore i full sving, seier Aarnes.