LEIAR:

Lette nyheiter gjer mørketida lysare

Dagens førstesideoppslag med lette nyheiter - ein ballongferd frå Liverpool til Oppstryn. 

Det å skape glede i ei tung tid for mange, er og ein del av samfunnsoppdraget vårt

Nyhende

I bokstaveleg forstand vel Fjordingen i dagens avis å presentere lette nyheiter som hovudoppslag. Ei sak som knapt betyr noko i den store samanhengen, men som inneheld ei historie som er annleis, og som lett kan setje folk i godt humør.