Satsar på over 300 elevar ved Stryn vgs neste skuleår

Rektor positiv til tilboda neste år

Stryn vgs: Større 10. klassar inneverande år gir håp om over 300 elevar ved Stryn vgs frå neste skuleår.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Stryn vgs ser ut til å få ei kombinert klasse for betong og mur saman med tømrar på 2. trinn bygg- og anleggsteknikk neste skuleår. Kombinertklassen ligg inne i fylkesadministrasjonen sitt forslag til opplæringstilbod skuleåret 2021/22. Tilrådingane skal handsamast politisk komande veke.