Tina og sonen var ute og såg raset kome:

- Mamma, sjå alle trea!

Laurdag 21. november 2020 kjem til å site klistra i minnet til Tina Henningsen Gjerde i Olden. Ho var ute på tunet med sonen då «fjellet løsna» ovanfor garden.

Tina Henningsen Gjerde og sonen var ute på gardstunet då det store jordraset kom dundrande ned like ved.   Foto: Tina Henningsen Gjerde

Nyhende

- Sonen min og eg var ute på tunet når vi plutseleg høyrde eit voldsomt bråk. Det høyrdest ut som om fjellet heldt på å ramle ned! fortel Tina Henningsen Gjerde som bur på Gjerde i Olden.