Oskar set pris på pappa sitt engasjement:

- Eg vil ikkje at nokon andre skal smørje skia

Skiskyttaren Oskar Guddal Breivik (18) har høge ambisjonar med idretten sin. Og viktig brikke i satsinga er pappa, smørjar og støtteapparat Torstein Breivik.

Team Breivik: Oskar Guddal Breivik og pappa Torstein Breivik i smørjebua heime i Stryn, klare for ny sesong. Sesongstarten skulle vore på Geilo siste helga i november, men på grunn av korona let den dessverre vente på seg. Dei håpar i alle fall at norgescuprennet på Ullsheim i januar kan gå som planlagt.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

For dei som har følgt med på lokalidretten siste åra så er nok Oskar eit namn dei fleste har bite seg merke i. Han har lenge markert seg som ein utøvar med både talent og pågangsmot. For nokre år sidan meldte han også gjennom lokalavisa at han skal kome på landslaget og han skal slå sjølvaste Johannes Thingnes Bø.