No peikar pila oppover att

Kulturskulen fekk som mange andre ein korona-knekk denne våren, men no peikar pila endeleg rett veg att med 160 aktive elevplassar.

Opptur for kulturskulen: Kulturskulen har no 160 elevar. Her frå desentralisert kulturskuletilbod i Oppstryn.   Foto: Roy Aron Myklebust/Arkiv

Nyhende

– Etter to år med rekordauke i kulturskulen, sette koronaen så ein stoppar for det meste denne våren. Naudsynte nedstengingar førte til stillstand og nedgong i elevtala, men kulturskulen har no hatt ein gledeleg auke og har per i dag 160 aktive elevplassar, seier rektor i Stryn kulturskule, Linda Gytri.