Våt og vindfull slutt på helga

Søndag kan by på store nedbørsmengder, lokalt kraftige vindkast og kanskje litt torden i indre Nordfjord.

Våt og vindfull søndag i indre Nordfjord.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Dei store nedbørsmengdene i helga har ført til rasfare og mange stengde vegar. Sterk vind og snø stengjer dei fleste fjellovergangar i Sør-Norge.

Vervarselet for Sogn og Fjordane melder om "vest og sørvest sterk kuling utsette stader, ved Stad full storm. Lokalt kan det kome kraftige vindkast. Fra i ettermiddag vest og nordvest sterk kuling utsette stader. Store nedbørsmengder med regnbyger og snøbyger over 400-700 m. Utrygt for torden", melder Yr.no