kommunen har fått 475 nye innbyggjarar

"Voldakortet" kan gi kommunen 6,5 mill i året

– Insentivordninga bak Voldakortet har allereie vist seg som ein formidabel suksess for Volda kommune, seier Arild Iversen (Krf)

Store inntekter: Arild Iversen (KrF) rosa insentivordninga bak Voldakortet som har gitt auka tilflytting til kommunen  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Under førre formannskapsmøtet omtala Arild Iversen (KrF) insentivordninga bak Voldakortet ein formidabel suksess. Han viste til at det var partifellen Henning Holsvik som foreslo at Voldastudentane burde melde flytting til kommunen, der Voldakortet altså er gullerota.