Statleg støtte fører fylkeskommunen eitt steg nærare nullutslepp

Miljødirektoratet har tildelt Vestland fylkeskommune 12 millionar kroner til hybridisering av fartøy ved konkurranseutsetting av nye lokalbåtsamband i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har tidlegare vedteke å ta i bruk nullutsleppsteknologi for hurtigbåtar, og støtta frå Miljødirektoratet vil gå til investeringar i batteri og kraftelektronikk på fartøy.

Dette har mykje å seie for prosjektet og i kor stor grad vi klarar å redusere utsleppa, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Fylkespolitikarane sitt vedtak om nullutsleppsteknologi gjeld relevante fartøy og samband ved utlysing av nye båtanbod i Sogn og Fjordane. Vedtaket var gjort under føresetnad av at det kom økonomisk støtte frå staten.