Kjøllesdal om korona, kommunedirektør og Thomas Wassberg

Korona og unntakstilstand. Ein kommunedirektør som slutta. Rekordsommar og Loen-Solvik landa etter 25 år. Per Kjøllesdal sitt første år som ordførar har vore alt anna enn kjedeleg.

Avkopling: Ordførar Per Kjøllesdal har fått god tid til avkopling i jula. Sjølv om fjoråret vart spesielt og krevjande på fleire vis, vart 64-åringen på ingen måtar avskræmd i sitt debutår som stryneordførar. Her heime i stova i Utvik på ein av dei siste fridagane i jula. 

Nyhende

2020, det første heile året som ordførar, vart langt frå det Per Kjøllesdal (Sp) hadde sett føre seg. Vel fire månader etter at han inntok ordførarkontoret vart det unntakstilstand då Covid-19 for alvor sette preg på kvardagen og la føringar for det meste av aktivitet.