Stryvo med første internasjonale prosjekt:

Har levert lysportalar til undersjøisk tunnel på Færøyane

Stryvo har levert lysportalar ved inngangane til eit stort undersjøisk tunnelprosjekt på Færøyane. Eit nytt «visuelt spesialprosjekt» og første internasjonale prosjekt for stryneverksemda.

Ein av tre lysportalar, laga og montert av Stryvo, på like mange tunnelinnslag på den undersjøiske tunnelen på Færøyane.  Foto: Olavur Fredriksen/NCC

Nyhende

NCC er hovudentreprenøren bak tunnelprosjektet som vert sagt å vere den største enkeltståande infrastrukturinvestering på Færøyane nokon sinne. Tunnelen på totalt 11,2 kilometer kortar reisetida mellom hovudstaden Torshavn og byane Strendur og Runavik frå 64 til 16 minutt. Byggjeperioden for tunnelen, til ein totalkostnad på 1,4 milliardar svenske kroner, var frå 2016 og fram til opning rett før jul 2020.

Portal Hvitanes: Montør Sebastian Bielski  Foto: Stryvo

Tunnelen har tre inn- eller utløp og med ei stor rundkøyring inne i tunnelen, Stryvo vann anbodet på å byggje portalane til dei tre innløpa samt rekkverk, stiger og trapper i tilknyting til pumpestasjon og basseng nede i tunnelen. Tunnelen har sitt lågaste punkt 187 meter under havnivå.

Portal Rokin: Montør Sebastian Bielski (t.v) - Anleggsleiar Bent Sigurd Støyva (t.h.)  Foto: Stryvo

– Høg kvalitet, og på tid

Tor Ivar Kandal, innkjøpssjef for NCC sin anleggsdel i Norge og med kontor i Stryn, har ikkje hatt noko med Stryvo-kontrakta å gjere, ettersom det er eit strynefirma. Men han synest det er kjekt at Stryvo er på eit slikt nivå at dei kan levere slike prosjekt.

– Det viktigaste for NCC er at dei leverer høg kvalitet og på tid. Så er det ekstra kjekt at det er eit strynefirma, seier Kandal.

Han fortel at Eysturøy tunnel som vart opna rett før jul er eitt av fleire tunnelprosjekt som bind folket og byane på Færøyane saman. Neste store prosjekt heiter Sandøya tunnel og skal stå ferdig i 2023. Denne tunnelen har ei total lengde på 10,5 km og ein kontraktsum på 1,2 milliardar svenske kroner. Også her skal Stryvo inn mot slutten av prosjektet.

Portal Hvitanes: Montør Sebastian Bielski.  Foto: Stryvo

– Kan samanliknast med Kvivstunnelen

– Det dei gjer på Færøyane kan samanliknast med Kvivsvegen og Eiksundsambandet som batt i hop Nordfjord og søre Sunnmøre på ein heilt ny måte, utan behov for ferjer. Færøyane legg store investeringar i å binde regionane saman og gjere det enklare for folk å bu og pendle, seier Kandal.

Mange har vore delaktige

Robin Gulliksson var Stryvo sin prosjektleiar for oppdraga på Færøyane, men fleire i firmaet har vore delaktige både i prosjektering, bygging og montering.

Prosjektering: Prosjektingeniør Robin Gulliksson og Siv. Ing Merete Ommedal Krumsvik jobbar med tunnelprosjektet på Færøyane.   Foto: Stryvo

Gulliksson fortel at dei starta planlegging og utføring i oktober 2019, etter at dei hadde vunne anbodet tidleg på året.

-Vi produserte trapper og rekkverk i Stryn for så å sende dei over til NCC på Færøyane. Då vi kom over for å montere, låg alt klart. Det samme gjaldt boge-elementa til portalane utanfor tunnelopningane. Desse har vi fått produsert ved fabrikk i Aust-Europa, før dei vart sende i container til Færøyane, fortel Gulliksson.

Under tunnelen: Rekkverk og trapper under tunnelen.   Foto: Stryvo

– Ærefullt oppdrag

Dagleg leiar Jostein Bøe seier oppdraget i seg sjølv ikkje er spesielt komplisert, men det er ærefullt å ha levert dei mest synlege delane til største infrastrukturinvesteringa på Færøyane.

– Vi er gode på å lage visuelle spesialprosjekt, det å kunne styre og organisere til rett pris.

Prosjektet har ein samla verdi på fleire millonar kroner og har vore både interessant og viktig for Stryvo, seier Bøe.

At to av tre rundar med monteringsarbeid skjedde etter koronautbrota i verda, gjorde det litt meir krevjande, men ikkje verre enn at alt vart landa som planlagt. – Å byggje utanlands inneber og meir papirarbeid og dokumentasjon, og no har vi alt på plass til vi skal tilbake i samband med neste tunnelprosjekt i 2022, seier Bøe.