Koronatesting flytta til Visnes

Koronatesting i Stryn kommune er no flytta frå kulturhuset til Visnes Industripark.

Testkø: Bilar i kø ved testteltet på Vises 12. januar 2021, på dagen 10 månadar etter nasjonal "lockdown".   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

I lokala som tidlegare m.a. har romma administrasjon for bussproduksjon er det no blitt luftvegsklinikk. Koronatesting er dermed også flytta frå parkeringsplassen ved Stryn kulturhus.

Luftvegsklinikk på Visnes: I lokala der det tidlegare var administrasjon for bussfabrikk er det no luftsvegsklinikk. Alle som skal til lege, uansett kva årsak, skal møte her dersom dei har luftvegssymptom.   Foto: Gunnhild Sindre

Testinga føregår no med gjennomkøyring, "drive through", i eit telt på nedsida av industribygget i Visnesvegen.

Testing: Koronatesting i telt ved luftvegsklinikken i Visnes Industripark, helsesekretærane Silje Kristin Frøysa og Beate Kristiansen (bak).   Foto: Gunnhild Sindre