Lesarinnlegg:

Ja til Sogn og Fjordane

Lesarinnlegg: F.v. Aleksander Heen, Emma Berge Ness og Erling Sande.  Foto: Torunn Flatjord/Senterpartiet Sogn og Fjordane

Nyhende

Eit klårt fleirtal av folk i Sogn og Fjordane vil gjenopprette Sogn og Fjordane fylke. Det viser ei meiningsmåling utført av Sogn Avis, Firda og Firdaposten. Senterpartiet er samd med dei som meiner at Sogn og Fjordane fylke er ei betre løysing enn Vestland fylke. All den tid Høgre sit i regjering og styrer landet, kan vi forstå dei som har mista trua på at det er mogleg å gjenopprette Sogn og Fjordane. Samstundes har det sjølvsagt noko å seie kva fleirtalet i folket meiner. Noreg har folkestyre og til hausten er det stortingsval. Det gjer oss optimistiske på Sogn og Fjordane sine vegner. Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland er ein del av regionreforma som er drive fram av høgreregjeringa noverande fleirtal på Stortinget. Dersom det vert eit nytt fleirtal på Stortinget etter stortingsvalet i september, kan det fattast eit nytt vedtak som oppløyser samanslåinga. Gigantfylka Viken og Troms og Finnmark har allereie varsla at dei vil søke om oppløysing dersom eit nytt fleirtal gjer politisk rom for å ta opp igjen saka på Stortinget. Det er ingen grunn til at Vestland ikkje kan gjere det same.