Hodlekverennet:

Markanejenter til topps

Fleire Markaneløparar gjorde det godt i Hodlekverennet i Sogndal sist helg.

Talent: Katrine Svarstad Heggdal, Markane IL, vann i Sogndal.  Foto: inge fænn (arkiv)

Nyhende

Katrine Svarstad Heggdal frå Markane IL gjekk til topps i Hodlekverennet, klasse J15, 5 km i Sogndal i helga. Talentet frå Stryn var heile tre minutt føre neste løpar.

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik, begge Markane IL, sikra dobbeltsiger i klasse K18, 7,5 km. Hjelmeset Kirkeeide var halvminuttet føre klubbveninna i mål.

Utvalde resultat:

Jenter 15, 5 km:

1. Katrine Svarstad Heggdal, Markane IL 17.46

2. Regine Aa Sandal, Breimsbygda IL +3.07

3. Vanessa L. Brenden, Sogndal IL +3.31

Jenter 16, 5 km:

1. Guri L. Brekke, Førde IL 18.27

2. Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Markane IL +0.09

3. Johanne Støfring, Førde IL +0.36

Kvinner 18, 7,5 km:

1. Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL 23.33

2. Emilie Flo Stavik, Markane IL +0.31

3. Kristina S. Hegrenes, Førde IL +3.00