Volda kommune fekk onsdag kveld meldt om eit nytt smittetilfelle.
- Personen tok test 12. januar etter reise frå utlandet. Personen var i reisekarantene og no sett i isolasjon. Personen har svært avgrensa nærkontaktar, melder Volda kommune torsdag morgon.
Det vart tatt 629 koronatestar i veke 1. Så langt denne veka er det tatt 297 testar i Ørsta og Volda.
Vaksinering i Hornindal torsdag
Kommunen har mottatt 25 nye vaksiner og i dag torsdag blir 20 bebuarar ved Hornindal omsorgssenter vaksinert. Fredag skal 5 vaksiner gitt til kritisk helsepersonell.
Neste veke vert resten av bebuarane i Volda omsorgssenter vaksinert, opplyser kommunen.