NVE-rapport: Delar av Gjølmunna er kvikkleiresone:

Kvikkleire er årsaka til at Loen Skylift er blant verdas brattaste gondolbaner

Delar av Gjølmunna i Loen er definert som kvikkleiresone i komande rapport frå NVE, men sikring er for lengst på plass

Loen Skylift sin fjordstasjon skulle etter planen ligge på fylling ute i fjorden, men på grunn av ustabil grunn med kvikkleire vart den flytta dit den ligg i dag. Området med parkeringsplassen er i kvikkleiresone, men er altså sikra.  Foto: Arkivfoto: Bengt Flaten

Nyhende

Seks stadar i Stryn kommune er av NVE karakterisert som kvikkleiresoner i komande rapport med nye aktsomheitskart. Ein av stadane er Gjølmunna i Loen der kvikkleiresona omfattar både parkeringsplassen ved fjorden, Fjordshopen og del av vegen. NVE reknar området likevel for trygt.