VM-gull på blanda stafett:

Johannes har starta medaljesankinga

Johannes Thingnes Bø var spent før onsdagens opningsdistanse i VM i skiskyting. 4x7,5 km blanda stafett stod på programmet, der 27-åringen skulle gå 2. etappe.

Gull: Johannes Thingnes Bø gjekk ein solid etappe på blandastafetten i VM i Pokljuka.  Foto: Manzoni/IBU (arkiv)

Nyhende

Det låg etter kvart an til ein aldri så liten parademarsj for det norske laget på blandastafetten, og sjølv om det vart ei viss spenning på siste etappe så gjekk det norske laget inn til ein fortent gullmedalje. Men at utrykket "stafett er stafett" lever i beste velgåande vart bevist nok ein gong.

Sturla Holm Lægreid var førstemann ut for det norske laget og gjorde sine saker godt. Årets komet blant skiskyttarane, som hadde skubba Tarjei Bø ut av laget, skaut feilfritt på liggande skyting, og på ståande vart det også fullt hus sjølv om det vart nødvendig med eitt ekstraskot i snødrevet i Pokljuka. Holm Lægreid veksla med Johannes Thingnes Bø 4,3 sekund bak Kviterussland som låg i tet føre Norge og Frankrike.

Thingnes Bø og franskmannen kvitta seg raskt med kviterussaren på første runden, og med bruk av berre eitt ekstraskot gjekk Johannes først ut frå liggande skyting. Frankrike og Kviterussland trøbla og brukte fleire ekstraskot. Dermed fekk Thingnes Bø eit forsprang på konkurrentane.

På mellomrunden fekk Thingnes Bø problem med ein stav, men han greidde likevel å auke forspranget til 20 sekund inn til ståande skyting der han nok ein gong greidde seg med berre eitt ekstraskot. Frankrike gjekk no ut på andreplass, 22 sekund bak Norge. Canada følgde på tredjeplass.

- Ein imponerande ståande serie av Johannes, sa NRK-ekspert Ola Lunde.

Johannes gjekk eit gnistrande langrenn og heldt fram med å auke forspranget på sisterunden, og han kunne sende Tiril Eckhoff ut på tredje etappe med eit forsprang på solide 39 sekund ned til Frankrike. Ukraina og Canada følgde deretter, nesten minuttet bak Norge.

- Ein godt gjennomført etappe, målet i dag var å gjere "det normale", sa Thingnes Bø til NRK etter sin etappe.

Eckhoff trengde to ekstraskot på liggande, medan Frankrike berre brukte eitt. Dermed var forspranget korta ned med ti sekund ut frå liggande skyting. Fleire land, deriblant Sverige, kjempa om bronsemedaljen på dette tidspunktet.

Det store spenningsmomentet på førehand var den ståande skytinga til Eckhoff. To grove bom gav grunn til bekymring, men Eckhoff tok seg meisterleg inn og kunne gå ut 37 sekund føre Ukraina og 39 sekund føre Austerrike. Frankrike måtte i strafferunden på denne etappen og var hekta av i gullkampen.

Norge sin ankerkvinne, Marte Olsbu Røiseland, var no storfavoritt til å skire Norge gullet. Ned til Ukraina på andreplass var det no 39 sekund, medan Sverige og Austerrike var 57 sekund bak ved veksling.

Med berre eitt ekstraskot på liggande gjekk Olsbu Røiseland ut i einsam majestet, 41 og 47 sekund føre høvevis Ukraina og Austerrike.

Verdscupleiaren blant kvinnene hadde tidenes mulegheit til å avgjere på siste skyting, men tre bom gav utfordrarane mulegheit til å knappe kraftig inn på forspranget. Olsbu Røiseland henta seg imidlertid meisterleg inn og viste klasse då ho måtte treffe på alle tre ekstraskota.

I mål vart Olsbu Røiseland teken i mot av dei jublande lagkameratane, 27 sekund føre Austerrike. Sverige spurtslo Ukraina i kampen om bronsemedaljen.