Pauseinnslag med pyroeffekt

- Utruleg kjekt at Loen og dei dyktige wingsuit-utøvarane fekk vere ein del av det fine pauseinnslaget i Melodi Grand Prix, seier marknadssjef ved Loen Skylift, Ann-Helen Blakset.

Espen Fadnes og Andreas Haaland Heimli sto for kveldens mest spektakulære innslag under Melodi Grand Prix-.sendinga laurdag kveld: Dei kasta seg ut frå Hoven i wingsuit med "flares" (bluss).   Foto: Skjermdump

Nyhende

Før det endeleg vart avgjort kven som gjekk til topps i den norske finalen i Melodi Grand Prix vart sjåarane tekne med på ei vakker reise rundt i landet for å finne lyset. Til vakker song av Helene Bøksle vart det vist glimt frå fleire stader i landet, levert av NRK sine distriktskontor.