Ønskjer å kjøpe 195 kvadratmeter:

Hornindal vedtok sal, Volda sa nei

Hornindal kommune gjorde vedtak om sal. No har Volda kommune sagt nei til sal av same areal. Kjøpar Torill Urkedal ber kommunen gjere ny vurdering.

Ber om å få kjøpe: Toril Urkedal ber om å få kjøpe eit areal på 195 kvadratmeter, beståande av ei ca seks meter brei stripe mellom E39 og Hornindalsvatnet.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Arealet saka handlar om utgjer om lag 195 kvadratmeter, i form av ei ca. seks meter brei stripe frå E39 og ut til Hornindalsvatnet. Stripa ligg mellom Urkedal sin eigedom og parkeringsplassen for Svormuseet, og er regulert til bustadformål.