Anders Fannemel i rute:

Satsar på å rekke sesongstarten

Tre veker har gått sidan Anders Fannemel spente på seg hoppskia for første gong etter kneskaden han pådrog seg i 2019. Opptreninga går etter planen for honndølen.

I gang med comebacket: Anders Fannemel på første hoppøkta etter kneskaden han pådrog seg i 2019.  Foto: Kenneth Gangnes

Nyhende

Fannemel tok korsbandet i polske Wisla sommaren 2019. Sidan det har comebacket blitt utsett fleire gonger grunna tilbakeslag og nye operasjonar i kneet. No ser det langt lysare ut for Fannemel.