Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) om kommunen sitt store dilemma:

– Vi er heilt avhengig av nytt næringsareal

Stryneordføraren opnar opp om sentrumsplanen og kvifor dyrkamark på Ytreeide er viktig for sentrumsplanen.

Dilemma – Vi har eit dilemma med skredfare, flaumfare, kvikkleire og matjord. Skal alt vere like viktig å ta omsyn til, så får vi ikkje gjort noko som helst i Stryn kommune, seier ordførar Per Kjøllesdal (Sp)  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Stryn bondelag, Kyrkjeeide Samdrift og grunneigarar er bekymra for matjorda si på Ytreeide der kommunen vil omdisponere 48 dekar dyrkamark til nytt næringsareal.