Ringen er slutta:

Tilbake til kulturskulen

Jon Are Steen tok over som rektor for Stryn kulturskule ved nyttår. Dermed er han eigentleg tilbake der hans eiga musikalske karriere starta: I kulturskulen.

Ringen slutta: Jon Are Steen starta si musikalske løpebane i kulturskulen i Drammen. Foreldra meinte den klassiske skuleringa var viktig å ha i botnen. No er han tilbake i kulturskulen, denne gongen som rektor. Han fortel at piano og dans er dei tilboda som har flest elevar for tida, medan kulturskulen gjerne tek imot fleire elevar på t.d. gitar og trompet. 

Nyhende

Med koronanedstenging og raudt nivå vart det ein brå start, men den nye rektoren kan likevel gle seg over stigande elevtal. Stryn kulturskule har i dag 171 elevplassar. I oktober var det 146.