Smittesporing i Stad:

130 i karantene – eitt tilfelle i Stryn

130 personar er så langt sette i karantene som følgje av smittesporing i Stad kommune sidan fredag. I tillegg er eitt smittetilfelle i Stryn kopla til utbrotet, opplyser Stad kommune i ei pressemelding.

Smittesporing i Stad kommune har så langt resultert i 130 personar i karantene. I tillegg er eitt smittetilfelle i Stryn kopla til utbrotet.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Sidan fredag 7. mars har Stad kommune drive smittesporing i samband med påvist smitte med covid-19. Gjennom dette arbeidet er det til no påvist til saman åtte personar med covid-19-smitte i kommunen. Seks av dei smitta er i same husstand. I tillegg er eit smittetilfelle i Stryn kopla til utbrotet.

Det er gjort eit omfattande arbeid med kartlegging av nærkontaktar til personar med påvist smitte. Alle nærkontaktar vert sett i karantene og testa. Alle dei smitta er sett i heimeisolasjon. Det er framleis uklart kva som er opphavet til smitten og smittevegen er dermed ukjent. Det vert gjort analysar for å kartlegge om det kan dreie seg om ein mutert virusvariant, og svaret vil kome ein av dei neste dagane. Kommunen sine tiltak i saka tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og svært smittsam virusvariant, og ein har i første fase vore liberal med bruken av karantene og testing.

Blant dei smitta er elevar i to av klassane ved Nordfjordeid skule og eit barn i Golvsengane barnehage. Desse tre borna er frå same husstand. Alle borna i dei to skuleklassane og den aktuelle barnehageavdelinga er definert som nærkontaktar og vert sett i karantene. Kommunen kontaktar i kveld føresette til dei barna dette gjeld. Barna vil verte testa måndag og svar på denne testen vil ligge føre tysdag kveld. Alle som er i same husstand til borna, er også bedne om å vere i karantene til negativt testresultat for barnet ligg føre. Same prinsipp om «ventekarantene» er også nytta omkring andre nærkontaktar i samband med utbrotet så langt.

Alle elevar ved vaksenopplæringa ved LA-bygget på Nordfjordeid er sett i karantene på grunn av ein smitta i elevgruppa der. Alle desse er testa søndag. Også her er husstandsmedlemmar sett i «ventekarantene» til ein får negativt svar på test av den enkelte nærkontakten.

Situasjonen med mogeleg mutert virustype og inntil vidare ukjent smitteveg, gjer at kommunen ber alle innbyggjarar ta ekstra omsyn i tida som kjem. Det er viktig at alle følgjer dei grunnleggande smitteverntiltaka med å halde avstand til andre, ha god handhygiene og teste seg og halde seg heime om dei vert sjuke.

Barnehagar, skular, arbeidsliv og fritidstilbod kan med desse omsyna elles halde fram i normal aktivitet. Utover dette ber ein folk om å unngå situasjonar der mange samlast. Avhengig av testresultat og vidare kartlegging dei kommande dagane, vil kommunen vurdere behovet for ytterlegare smitteverntiltak i kommunen. Desse vurderingane vil verte gjort i samråd med Folkehelseinstituttet, opplyser kommunen i pressemeldinga.

Kommunen har så langt testa omkring 65 personar sidan fredag og omfattande testing held fram måndag. Søndag kveld er til saman omkring 130 personar i karantene. I tillegg kjem eit større tal husstandsmedlemmar som er i «ventekarantene» dei næraste dagane.