LEIAR:

Gjorde idé om til spontan glede

Torunn Lødemel Stokkeland fekk ideen, og på kort varsel stilte 11 artistar i tillegg til tekniske hjelparar for å avvikle spontan påskekonsert i Hornindal kyrkje.   Foto: Roger Oldeide

Konserten 1. påskedag var ein varm og genial måte å lage fellesskap på i ei elles stille påske

Nyhende

Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad. Ingen tvil om at dette må vere mottoet for Torunn Lødemel Stokkeland. Den friske dama er av det spontane slaget, og ho likar at andre skal ha det kjekt. Det ho likar minst, er at folk skal ha det einsamt og stusseleg.