Nordfjordrådet:

Innstendig oppmoding om startløyving for ny strynefjellstunnel

Nordfjordrådet har sendt ei sterk oppmoding til Stortinget om startløyving til ny tunnel på rv 15 Strynefjellsvegen i første del av komande Nasjonal Transportplan.

Nordfjordrådet vil ha på plass startløyving til ny tunnel på rv 15 Strynefjellsvegen.  Foto: Arkiv

Nyhende

Ny tunnel over Strynefjellet vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest. Nordfjordrådet oppmodar Stortinget innstendig om å legge inn oppstart av vedtatt konsept B1 for Rv 15 Strynefjellet som skredsikrings-/tunnelsikringsprosjekt i fyrste periode av NTP 2022-2033, heiter det i ei fersk høyringsfråsegn frå Nordfjordrådet. Fråsegna er adressert Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i samband med at Stortinget no skal vedta Nasjonal Transportplan 2022-2033. Nordfjordrådet har også bedt om å få delta på komiteen sitt høyringsmøte om NTP neste veke.

- Eit samla Nordfjord er svært overraska og skuffa over at ikkje utskifting av dei gamle tunnelane på rv 15 Strynefjellet med ny tunnel etter konsept B1, som tidlegare vedteke av Statens vegvesen og Samferdsledepartementet, ligg inne i framlegget til ny Nasjonal Transportplan.

Det seier leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo i ei pressemelelding.

- Næringslivet i 15 kommuner i Vestland og Møre og Romsdal med ei samla årleg verdiskaping på ca 70 milliardar kroner, har rv15 Strynefjellet som si hovudtransportåre mellom aust og vest. I tillegg er rv 15 hovudåra for kollektivtrafikken frå Nordfjord til både Austlandet og Trøndelag, og svært viktig for reiselivet. Rv 15 som bindeledd mellom transport på sjø og jernbane vil bli endå viktigare i framtida etter opninga av Stad Skipstunnel i 2025, seier Nordfjordråds-leiar Alfred Bjørlo.

Nordfjordrådet framhevar i fråsegna også at den samla potten for rassikring i NTP må aukast monaleg både til riks- og fylkesvegnettet, og at flaskehalsutbetringane på E39 Byrkjelo-Sandane som det skal starte planarbeid på i 2021 må gjennomførast i første NTP-periode.