Jon Myklebust serverer sunn mat i kantina på Stryn vgs:

– Vi lagar alt frå grunnen av

Alt blir laga frå grunnen av når Jon Myklebust kokkelerer på kjøkkenet ved Stryn vidaregåande skule. Varme måltid, salatar og påsmurt står ofte på menyen. No er skulen med i eit prosjekt som skal gjere kjøkkenet endå betre.

Sunne matalternativ: Jon Myklebust ved kjøkenet på Stryn vgs er oppteken av at elevane skal ha sunne alternativ i kantina, og han lagar alt frå grunnen. Her saman med Recheal som har arbeidspraksis ved kjøkenet.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Ja, her går det i baguettar, chiabatta, pizzabollar, kanelsnurrar og mykje meir, seier Myklebust medan han og Recheal som er i arbeidspraksis jobbar med bakverk. Kor grove dei ulike produkta skal vere, bestemmer dei sjølve.