Ber om brøyting tidlegare på morgonen

Samarbeidsutvalet i Hornindal barnehage ber om brøyting tidlegare på morgonen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Samarbeidsutvalet i Hornindal barnehage har sendt brev til Volda kommune, der dei oppmodar om brøyting ved barnehagen tidlegare på morgonen.

– I løpet av vinteren har vi som kjem til opningstida opplevd fleire gonger at det ikkje er brøyta, spesielt etter helg, skriv samarbeidsutvalet. Kommunen har takka for innspelet og sendt det vidare.