Lesarinnlegg frå Distriktssenteret:

- Butikken er limet i bygda

Ingen blir rik av å drive nærbutikk i Distrikts-Norge. Likevel har fleire hundre kjøpmenn satsa på eit liv i små bygdebutikkar. Kanskje dei gjer det fordi dei kjenner kor viktig det er å knyte bygda saman?

Merkur-programmet: Buda Hjelledalen (illustrasjonsbilde).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det siste året har gitt eit oppsving i mange bygdebutikkar. Vi har ikkje reist til utlandet, og vi har vore meir heime. Eit av resultata har vore at vi har handla meir heime. Det gir grunn til optimisme. Butikken får litt meir musklar og kan gje eit betre tilbod. Slik er det dei fleste butikkdrivarar rundt om i Distrikts-Norge tenkjer: Korleis kan vi ta vare på butikken si framtid? Korleis kan vi ta vare på bygda si framtid?