– Smitten spreidde seg som eldebrann på sjukehuset

Roger Sevrin har rapportert om overfylte intensivavdelingar, dødssjuke folk som vart avviste på grunn av at det var fullt, legar og helsepersonell som vart smitta og døydde.

Mot: Roger Sevrin Bruland frå Utvik har måtta vise stort mot for å reise ut og rapportere frå dei verst råka korona-områda.  Foto: Nicola Zini

Nyhende

Det vart ein brå overgang for korrespondenten. Frå solfylte dagar på VM i skiskyting i Anterselva gjekk det rett til Milano, som i mellomtida var blitt raud på koronaspråket. Her var det stor smitte og full alarm.