Roger Sevrin Bruland har hatt eit kontrastfylt år:

Rapporterte om koronaen – fekk det sjølv

Han vart landskjend over natta med sine reportasjar om koronaen sine herjingar i Europa. Så fekk han det sjølv.

Heime: Roger Sevrin Bruland er heime i Utvik saman med sambuar Britt Pernille Frøholm. - Helsebot, seier dei, etter at dei begge har hatt lange veker med koronainfeksjon heime i Berlin.   Foto: Gunnhild Sindre

– Etter å ha hatt korona er ein immun ei stund, men så kan ein bli smitta på nytt. Så eg tek gjerne imot vaksine. Angela Merkel tok nettopp Astra Zenica-vaksinen. Eg tek også gjerne imot - heller biverknadar enn å ta sjansen på å gå gjennom dette ein gong til!

Roger Sevrin Bruland, NRK-korrespondent i Berlin
Nyhende

Han har rysta oss alle med sine uredde reportasjar. Djupt under bakken blant kloakkbarn i Romania, frå Moria-leiren på Lesvos og frå koronaråka Europa.