Sjå bilda frå 17. mai-paraden i Stryn

Når det ikkje vart 17. mai-tog, vart det i staden bilparade i Stryn. Det var populært for både store og små.

Reine motorfestivalen: Sidan det ikkje vart 17. mai-tog, vart det i staden bilkortesje i Stryn sentrum. Med politi, ambulansar og brannvesen i spissen køyrde am-cars, veteranbilar, russebilar og traktorar gjennom gatene.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Med politiet, ambulansar og brannbilar i front køyrde blankpussa og flaggpynta køyretøy gjennom gata. Amcar-klubben stilte på, og her var veteranbilar, russebilar og traktorar. Ein og annan på to hjul hadde også festa flagget på doningen og blitt med.