NVE set ned foten for toalett på Breng i Lodalen

Kommunedirektøren gjorde i kontrollutvalsmøtet kort greie for planlagde turismetiltak i Lodalen. Flytting av toalettvogn frå Breng har skapt reaksjonar.

Ikkje toalett her: NVE seier nei til toalettvogn ved badeplassen på Breng. Ein skil ikkje mellom rasfare vinter og sommar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Det har storma veldig fordi der ikkje er på Breng, ved badeplassen. Men faktum er at dette er karakterisert som skredområde. Det er fortvilande å ikkje ha toalett på Breng, men vi kan ikkje sette opp i skredutsett område. Vi gjorde ein førespurnad til NVE og fekk nettopp svar at dette ikkje er råd ut frå skredforholda. Som ansvarleg myndigheit må vi forhalde oss til det. Viss ikkje skulle vi meir enn gjerne gjort det, sa Lødøen. I følgje henne skil ein ikkje mellom rasfare sommar og vinter. Det er plassert ut to vogner, ei på Tjugen og den andre mellom Sande og Breng.