Avdøde spelemenn aktuelle med plata: «Historiske slåttespel frå Nordfjord»

Dei to er plateaktuelle – 47 år etter

Trass i at felespelarane Jon Rosenlid og Samuel Bergset gjekk bort i 1974, er dei no CD-aktuelle.

Plateaktuelle: Plateselskapet «Aksent» har gitt ut plata «Historiske Slåttespel frå Nordfjord» med dei to spelemennene Jon Rosenlid (1891–1974) og Samuel Bergset, (1888–1974), begge frå Fjelli. Dette biletet er nytta på CD-plata si framside og er teke i høve ein spelejobb under eit bryllaup i Hornindal i 1907.  Foto: Garden Rosenlid

Dette er verkeleg lyden av gamle dagar

Nyhende

Plata «Historisk slåttespel frå Nordfjord» inneheld 33 slåttar framført av Jon Rosenlid og Samuel Bergset, begge spelemenn frå Fjelli i Stryn. Plateselskapet «Aksent» med Håvard Svendsrud, står bak plata i tett samarbeid med folkemusikar Arne M. Sølvberg og Spelemannslaget Fjelljom.