Likevel Hornindalsvatnet maraton:

- Møt opp, løp og dra heim

Det blir likevel Hornindalsvatnet maraton 24. juli.

Hornindalsvatnet maraton.  Foto: arkiv

Nyhende

Etter først å ha avlyst grunna koronarestriksjonane blir det no likevel mulegheit for å arrangere maratonløpet i Hornindal.

For dei som ikkje vil springe samfulle 42.195 meter så er det mulegheit for både halvmaraton, 10 kilometer og minimaraton.

Arrangøren, Hornindal idrettslag - friidrett, oppmodar elles alle om å følgje smittevernreglane. «Møt opp, løp og dra heim», skriv dei på si Facebookside.

Hornindalsvatnet maraton er også sett opp som KM i maraton for Sogn og Fjordane.