Håpar på større forståing for alle som vart ramma av 22. juli

Med boka si «De heldige» håpar forfattar Elin Hesjevik på større forståing for alle som vart ramma av det som skjedde på Utøya for ti år sidan.

Elin Hesjevik er mora til Ap-politikar Torbjørn Vereide frå Sandane, som overlevde terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011. Ho kom nyleg ut med boka «De heldige».   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Boka startar med den dramatiske historia om venene og AUF-arane Hanne Kristine Fridtun frå Stryn og Torbjørn Vereide frå Sandane. Dei var blant ungdomane som hamna midt i terroren på Utøya 22. juli i 2011. Han var den som overlevde av dei to. Elin Hesjevik er mora til Torbjørn.