Anders Fannemel framfor comebacksesongen:

– Det er eit vere eller ikkje vere no

Nøyaktig to år er gått sidan Anders Fannemel skada kneet stygt under trening i polske Wisla. Fire kneoperasjonar seinare er komande sesong eit vere eller ikkje vere for honndølen.

På heimebane: Anders Fannemel nyt nokre feriedagar heime på Fannemel i Hornindal. Her finn han overskot til å gå laus på comebacksesongen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Fjordingen møter Anders Fannemel, nyleg runda 30, heime på Fannemel i Hornindal. Han byr på kaffi frå kaffimaskina, og fortel at det er godt å vere heime på ferie. Den obligatoriske fjellturen til Honndalsrokken er også gjennomført, elles har det vore rolege dagar.