Stryn Handel:

– Det må settast av tilstrekkeleg areal for varehandel

Stryn Handel meiner at tal parkeringsplassar i sentrum ikkje må reduserast, og at det må vere tilstrekkeleg med areal for varehandel.

Stryn sentrum: – Det må settast av tilstrekkeleg areal for varehandel i sentrum, og det må vere absolutt krav om at dette arealet skal nyttast til varehandel, servering eller anna publikumsretta tenesteyting, og ikkje til kontor, bustad og liknande, skriv Stryn Handel i eit innlegg til sentrumsplanen.   Foto: Thomas Thaule

Vi er difor i tvil om det er rett å omregulere til gatetun i Tinggata

Stryn Handel
Nyhende

– Vi meiner at alle gateparkeringsplassar for bilar, bussar med vidare i Stryn sentrum må oppretthaldast, og at eventuelle parkeringsplassar som blir tekne bort blir erstatta med tilsvarande gateplassar (utandørs) innanfor same område, skriv Stryn Handel v/leiar Olav Atle Øvreberg i eit innspel til områdereguleringa for Stryn sentrum.