Unge med sommarjobb:

Arbeidskontrakt er det viktigaste

LOs sommarpatrulje reiser rundt i landet for å vitje unge arbeidstakarar. – Mange får ikkje arbeidskontrakt, seier rådgjevar for patruljen.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Kvar sommar reiser LOs sommarpatruljar rundt i Noreg for å sjekke om alt er som det skal for studentar og andre med sommarjobb, skriv Khrono.

I fjor sommar vart det avdekt rekordmange brot på arbeidsmiljølova.

– Unge er særleg utsette i arbeidslivet, seier rådgjevar for sommarpatruljen, Bjarne Lagesen.

Det kan kome av fleire ting seier han. Unge arbeider i større grad i bransjar der arbeidsmiljølova blir broten, og så er ein som regel uorganisert. Dess eldre ein blir, dess meir klar over kva rettigheiter ein kanskje har krav på.

Den store auken frå i fjor kan kome av den tøffe konkurransen, og at folk er meir villige til å godta dårlege arbeidsvilkår, seier Lagesen.

For unge arbeidstakarar har Lagesen nokre gode råd: Det viktigaste er å sørgje for å ha arbeidskontrakt. Det er òg lurt å forsikre seg at ein får lønnsslipp, så ein veit ein blir trekt i skatt. Mangel på vaktlister i tide og overtidsbetaling er òg vanlege problem, og som ein burde ha i orden, seier han.

(©NPK)