Bil i autovernet i Hornindal - sjåføren til sjukehus i ambulanse

Føraren av ein personbil er sendt til Volda sjukehus etter ein kraftig kollisjon med autovernet rett sør for Kjøshammartunnelen i Hornindal.

Føraren av bilen vart sendt til Volda sjukehus for sjekk etter utforkøyringa rett utanfor Kjøshammartunnelen torsdag kveld.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Personbilen køyrde i autovernet om lag 100 meter sør for Kjøshammartunnelen på E39 i Hornindal torsdag kveld. Politiet meldte at det var ein person i bilen då ulykka skjedde. Vedkomande skal vere lettare skadd, men er oppe og går.