Stor lynaktivitet i Stryn og Hornindal

Fleire har mista straumen

Lyn og torden i Loen I heile Indre Nordfjord har lynaktiviteten vore stor søndag kveld  Foto: Kenneth Rasmussen

Nyhende

Det skal ha vore straumbrot både i Stryn og i Hornindal søndag kveld som følge av hundrevis av lynnedslag i indre Nordfjord.

Registreringar i lyn.met.no viser stor lynaktivitet som tydeleg bevegar seg nordover.

Brannsjef Jon Jatgeir Vinsrygg opplyser at det har vore ei rekkje straumbrot i kommunen, men det skal ikkje vere meldingar om langvarige straumsbrot.

- Ingen brann som følge av lynnedslag som vi kjenner til ,men vi har rykka ut på to såkalla tekniske alarmar som følge av dette, opplyser Vinsrygg.

Sigrid Flo Standal Kraftig lyn over Årheimsfjellet   Foto: Sigrid Flo Standal

Indre Nordfjord Stor lynaktivitet i indre Nordfjord søndag kveld  Foto: Skjermdump frå My ligthtning tracker

Har du tips som følge av tordenveret, kontakt oss på redaksjon@fjordingen.no