Volda og Ørsta:

Sju nye covid-tilfelle. Fire av dei er Delta-varianten

Tysdag kveld melder Volda kommune om sju tilfelle av Covid-19 i Ørsta og Volda. Tre av dei i Volda og fire i Ørsta. Fire av dei er bekrefta Delta-variant.

Illustrasjonsfoto   Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyhende

- Eitt av tilfella har heilt ukjend smittekjelde. Dei andre har vi mistanke om at har blitt smitta på diverse samankomstar og festar i helga som var, skriv Volda kommune i ei pressemelding.

Kommunen skriv vidare at fleire av tilfella kan knytast til utestaden My kitchen i Volda laurdag 24.07.

- Vi vil derfor gå ut med ei sterk oppmoding til alle som var på My kitchen laurdag 24.07 om å teste seg. Den same oppmodinga gjeld alle unge vaksne i Volda og Ørsta som har vore på fest siste veka.

Smittesporinga held fram, men situasjonen er nokså uoversiktleg akkurat no. Vi må be alle som trur dei kan være nærkontakt om å bestille seg test og halde seg heime inntil vidare. Vi prøver å ringe alle vi får oppgitt som nærkontakter, opplyser kommunen.